Bachelorgrad Animasjon
Volda University College
Nøkkelinformasjon
Campus plassering
Volda, Norge
Språk
Norsk
Studieformat
På universitetsområdet
Varighet
Be om info
Tempo
Be om info
Studieavgift
Be om info
Søknadsfrist
Be om info
Tidligste startdato
Aug 2023
Stipend
Utforsk stipendmuligheter for å finansiere studiene dine
Introduksjon
Bachelor i animasjon gir deg innføring i alle vanlege animasjonsteknikkar, inkludert teiknefilm, dokkefilm, cut-out og dataanimasjon. Animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda er internasjonalt kjend, og mange av dei norske suksessane både i animasjonsfilm- og reklamebransjen er skapte av tidlegare studentar. Utdanninga er også kjend for filmfestivalen Animation Volda som vert arrangert kvar haust.
Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium, og kvalifiserer deg til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk og animasjon i kombinasjon med nyhende, informasjon, reklame og underhaldning. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn stad. I samband med dei praktiske oppgåvene får du individuell rettleiing og oppfølging på alle ledd i produksjonen.